mandag 3. januar 2011

Ikkje tenk på det

Det har på ein måte blitt ordtaket mitt i det siste; "ikkje tenk på det". Det omhandlar så mykje og gjer ting så enkelt og greitt :) Eigentleg er det svigerfar som pleier og sei dette, men no har eg altså "stolle" (godt bergensk uttrykk) det.

Men idag tenkjer eg faktisk litt. Og det eg tenkjer på idag deler eg sikkert med fleire millionar andre: bli kvitt ein del kilo og trene meir! Det med treningen er viktigast. Komme seg i form og humør. Jaddaaaa.